tirsdag 18. juli 2017

Nokre facts før turen...

Hamperokken, 1404m, vinterstid. Grei sti opp på baksida...:)
Det meste er uvisst før den lange turen, men visse haldepunkt står fast (inntil endring evt):
  • Vi skal plukke opp Kristoffer i Skjold leir, Øverbygd, onsdag morgon 26/7.
  • Vi vil køyre ca 4000 km til saman.
  • Vi vil fylle ca 5 tanker med diesel på turen.
  • Sikkerhet først - både i bil og på fjellet.
  • Haikarar har vi ikkje plass til (må evt sitte på taket)
  • Overnatting på campingplass i telt, evt hytte. Men helst på turistforeningshytte:)
  • Første etappe er på drøyt 1100 km, og endar nær Mo i Rana torsdag 20/7.
  • Vi kikkar på Oksskolten* (ved Mo i Rana) fredag 21/7.
  • Vi vil gjere eit seriøst forsøk på majestetiske Jiehkkevarri** og Hamperokken*** etter avhenting av Kristoffer.
Frå Holmbuktinden, vidare mot Jiehkkevarri.

Litt fjellfakta om aktuelle toppar, for interesserte ;)
  • **Jiehkkevarri: Troms og Lyngsalpane sin høgste topp, 1834m. Nr 2 på primærfaktor i landet. Lang tur, antar ca 12 timar. Lenge etterlengta topp for oss begge. 
  • *Oksskolten: Nordland og Nord-Norge sin høgste topp, 1915m. 
  • ***Hamperokken: Ved Tromsø, flott, kneisande topp med høg primærfaktor.
  • Tromsdalstinden: Tromsø sin bytopp, drøyt 1200m :)
  • Langlitinden: Høgste øytopp i Norge, 1276m på Andørja, Ibestad.
  • Møysalen: Nest høgste øytopp, 1263m på Hinnøya i Lofoten.
Ambisøs plan... Kanskje for ambisiøs, men flotte mål:)